Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Ein meter vatn i kjellar i Åsane

Brannvesenet rykte søndag morgon ut til melding om ei omfattande vatninntrenging i ein kjellar i Salhusvegen i Bergen. Meldinga kom inn klokka 09.47. Ein bebuar har meldt om at det står heile ein meter med vatn i kjellaren, noko som truleg skuldast ein kombinasjon av regn og grunnvatn som trengjer inn. Åsane brannstasjon er på veg til staden for å sjå kva dei kan bistå med. – Viktig at alle gjer tiltak for å halde sluk og avløp opne slik at regnvatn renn unna i dag, seier Morten Frantzen i brannvesenet.

ANNONSE
iBergen