Opprettar sak etter valdsvideo mot russ
Politiet har oppretta straffesak etter ein valdsvideo frå 17. mai i Bergen der ein russ blir utsett for vald. Politiadvokat Silje Åsnes seier til Bergens Tidende at dei blei merksame på saka etter at videoen blei omtala i media. Dei veit ikkje kven fornærma eller mistenkte er. Ho seier videoen syner grov vald og at dei treng tips for å kome vidare i saka.