Mann sikta for truslar og eldspåsetting i Odda
– Politiet fekk melding om at det var eld i ei campingvogn, og det vart sløkt av andre som kom til staden, seier politiadvokat Caroline Sandven i Vest politidistrikt. To forbipasserande ifølge Sandven ha tatt ut det som brann i vogna og den eine skal ha fått brannskadar. Denne personen har status som fornærma. Det er i tillegg ein person som har status som fornærma, og som skal ha vore utsett for truslar tidlegare på kvelden. – Me har arrestert og sikta ein mann for truslar og eldspåsetting nede på Lothepus camp, seier Sandven. Politiet held på med vitneavhøyr og gjer åstadundersøking. Dei vil avklare hendingsforløpet og eventuelle farar som var til stades. – Det er jo ein brann i ein campingplass med mange folk til stades, og det er på nattetid og folk ligg og søv. Så det er potensielt fare her, me også må etterforske, seier Sandven. Politiet vil avhøyre sikta før dei avgjer om dei eventuelt skal varetektsfengsle personen. Det skal ikkje vere store skadar på campingvogna. Det er festivalen Sus & Dus i Odda i helga, ein festival arrangert av Lothepus. Om dei involverte var i området i forbindelse med festivalen vil ikkje Sandven gå inn på.