Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Valdtektsdømd ankar erstatningssummen

Toalettet på ei ferjekai på Sunnmøre FOTO: Synnøve Hole/NRK
Toalettet på ei ferjekai på Sunnmøre FOTO: Synnøve Hole/NRK

Valdtektsdommen mot ein mann i 20-åra frå Vestland blir ståande, med unntak av spørsmålet om erstatning. Mannen blei nyleg dømd til 7 1/2 års fengsel for fleire fysiske valdtekter og overgrep mot totalt 15 mindreårige jenter frå heile landet. Ei av dei grovaste valdtektene skjedde på toalettet på ei ferjekai i Møre og Romsdal. Forsvararen hans, Ivar Eivind Hauge, seier at mannen meiner oppreisingserstatninga på 1,2 millionar er for høgt, og har valt å anke det eine punktet. – Han er usamd i nivået, seier Hauge. Mannen vipsa jenter småpengar for å legge han til på Snapchat, og betalte for seksualiserte bilde av dei.

ANNONSE
Sande Auto - Subaru Solterra