Ferjesamband var innstilt i over 12 timar

Ferjesambandet mellom Stord og Tysnes, Jektavik-Hodnanes-Nordhuglo, var innstilt frå klokka 08.00 til seint torsdag kveld. Årsaka var ein teknisk feil på ferja M/F «Julsund», melder Fjord1. Først klokka 22.45 kom sambandet i gang igjen, då med ei reserveferje. Regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 seier til avisa Sunnhordland at det var ei feilvurdering å ikkje tilkalla reserveferje på eit tidlegare tidspunkt. – Me stolte nok litt for masse på dei som sa at problemet ville vera løyst raskt, seier han til avisa.