Klart for avstemming om Atløysambandet
Vestland fylkesting nærmar seg no avstemming om bygging av Atløysambandet, etter ein lang debatt i møtet. Klokka 17.45 gjekk fylkesvaraordførar Stian Davies (Ap) på talarstolen og sa at han vil stemme mot bygging av Atløysambandet, medan Arve Helle (Ap) seier han vil stemme for. Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) gjekk deretter på talarstolen og seier han vil stemme med fleirtalet.