Står utan veterinærvakt neste veke
Bergen kommune har ikkje lukkast med å bemanne veterinærvakta for smådyr den komande veka. Frå søndag 13. september klokka 08.00 til fredag 18. september klokka 08.00 vil det derfor ikkje vere ei kommunalt organisert veterinærvakt utanfor klinikkane sine ordinære opningstider opplysar kommunen. Kommunen rår dyreeigarar til å søkje hjelp så tidleg som mogleg dersom dyret treng behandling, og til å oppsøkje veterinær innanfor ordinær opningstid når det er mogleg. Kommunen understrekar at dyreeigarane sjølve må undersøkje kva akuttilbod som er tilgjengelege dersom det oppstår behov for veterinærhjelp utanom ordinær opningstid.