Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Amerikansk turist henta ned frå Ulriken i natt

Ein 31 år gamal kvinneleg turist frå USA måtte få hjelp ned frå Ulriken i Bergen natt til søndag etter at teltet hennar vart øydelagt. Politiet fekk meldinga klokka 00.19. Det øydelagte teltet førte til at kvinna vart både våt og kald. I samråd med Hovudredningssentralen vart frivillige frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp sendte opp for å hente kvinna. Redningsmannskapa fekk kontakt med henne rundt klokka 02.49 og hjelpte henne trygt ned frå fjellet. Kvinna var i god behold og hadde ikkje behov for helsehjelp. – Politiet vil nok ein gong berømme den fantastiske innsatsen dei frivillige mannskapa gjer, så tusen takk for innsatsen, opplyser operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt.

ANNONSE
Octavian Forlag - Sonderlager