Tre involverte etter knivhending på Askøy
Ein mann i 40-åra kontakta torsdag ettermiddag AMK og opplyste at han var blitt knivstukken i ei leilegheit i Florvåg på Askøy. Politiet rykte ut til adressa saman med ambulanse. Etter kort tid fekk politiet kontroll på to involverte. Begge var vakne og oppegåande, men hadde mindre kuttskadar og var noko blodige. - Det er førebels svært uklart kva som har skjedd, og me gjer no undersøkingar, opplyser politiet. Ein av dei involverte er teken med ambulanse til legevakta, medan den andre blir køyrd til Haukeland universitetssjukehus. Politiet opplyser at ein tredje person skal ha vore på adressa før og/eller under hendinga, og forsøker no å få kontakt med vedkomande. Det er ikkje kome opplysningar om at personen er skadd eller kva rolle han har hatt. Alle dei involverte er kjende av politiet frå tidlegare.