Bil trefte hus i Kvinnherad
I retning Herøysund vest for Uskedalen i Kvinnherad har ein bil køyrd av vegen i ei 80-sone og sperrar eit køyrefelt, melde Vest politidistrikt klokka 15.34. Naudetatar er på staden. Tjue minutt seinare melde dei at bilen hadde snurra rundt og treft eit hus langs vegen. Sjåføren var åleine i bilen og skal ikkje vera skadd, men blir køyrd til legevakta på Husnes i ambulanse. Det er manuell dirigering på staden og bergingsbil er bestilt. I 16.30-tida opplyser Vest politidistrikt at bilen trefte grunnmuren på eit hus på motsett side av vegen. Det er ikkje opplyst om store skader på huset, og heller ikkje mistanke om ruskøyring. Ifølge politiet var det glatt veg på staden, på grunn av regn. Onsdag knuste ein annan bil inn i gjennom ein husvegg i Herand i Ullensvang.