Utagerande mann arrestert på Bryggen - politiet måtte bruke pepperspray
Ein 34 år gamal mann vart natt til søndag sett i arresten etter at han laga hærverk og gjekk amok på eit utested på Bryggen i Bergen. Politiet fekk meldinga klokka 00.58 om at ein mann kasta rundt på møblar inne på utestaden. Mannen knuste og fleire ruter på staden. Då politiet kom fram, var mannen så sint, utagerande og lite samarbeidsvillig at patruljen måtte ta i bruk pepperspray for å få kontroll på han. Mannen vart sett i drukkenskapsarresten og vert meld for skadeverk.