Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Trapes-artist i Cirkus Agora til sjukehus etter fall

Ein sirkusartist i Cirkus Agora fall tysdag kveld ned 3-4 meter frå ein trapes under ei førestilling i Mosvik i Trøndelag. Kvinna i 20-åra er forslått, men bevisst. Luftambulanse landa på staden og frakta kvinna til St. Olavs Hospital i Trondheim. – Det er snakk om moderate til alvorlege skader, utan at vi veit det førebels, seier politiets innsatsleiar Per Henrik Bykvist til Trønder-avisa. Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal bur i Bergen, medan selskapet er registrert i Nordfjordeid der han stammar frå. Han seier til BA at artisten landa med foten først. Politiet fekk meldinga klokka 18.46. Naudetatane kom til staden 19.30. Førestillinga vart ikkje avlyst.

ANNONSE
Sande Auto - MGS5-EV