Mann opplyste å bli knivstukken på Gyldenpris i Bergen
Ein mann tok kontakt med tilsette på MO-senteret Gyldenpris om lede at han var knivstukken. Dette fekk naudetatane varsel om klokka 16.33 og rykte ut til staden. – Mannen hadde kuttskadar på kroppen, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt. Mannen var medviten då naudetatane kom fram, og vart tatt med til behandling på traumemottaket på Haukeland sjukehus. – Han er vurdert som lettare skadd og utskriven frå Haukeland, skriv Rebnord. Hendinga skal ha skjedd på eit uteområde tilknytt MO-senteret, som er eit mottaks og oppfølgingssenter for rusavhengige over 18 år. Politiet arbeider med å finne ut kva som har skjedd, avhøyre vitne og innhente videoovervaking. Ingen er pågripne ennå.