Mogleg dataåtak mot Ullensvang Fruktlager
Leiinga ved Ullensvang Fruktlager i Hardanger trur nokon har brote seg inn i systema til eit kjølerom, etter at temperaturen brått steig 30 grader tysdag. Det skriv Hardanger Folkeblad. Det var teknikaren i verksemda som oppdaga endringa, seier dagleg leiar Maria Strand til avisa. – Hadde det vore midt i ein travel sesong og fulle kjølerom hadde det vore krise, dersom det ikkje hadde blitt oppdaga, seier ho. Selskapet fekk kopla kjølerommet av nett, og fiksa innstillingane. Tidlegare i dag kom det meldingar om eit mogleg liknande åtak mot eit varehus i Ytre Enebakk.




















