Vil fengsle den sikta etter dødsfall i Bremanger

Politiet ber om fengsling av ein mann som er sikta etter ein mann vart funnen livlaus i Kalvåg sundag morgon. Det var ein mann i 30-åra som vart funnen på nedsida av ein fjellskrent på ti meter. Seinare på sundag vart ein mann i 50-åra pågripen og sikta for å ha forlate nokon i hjelpelaus tilstand. Politiet ber i dag om at den sikta blir fengsla i fire veker. – Vi ber om fire veker varetekt med brev- og besøksforbod, og to veker med forbod mot aviser og kringkasting, skriv politiadvokat Farzad Izadi til NRK.