Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Lite bråk i Vestland i samband med VM-kampen

Mange var ute i natt for å få med seg Noregs første VM-kamp på 28 år. Politiet seier det har gått roleg for seg. – Slik vi har oppfatta det så ser det ut til at dette har gått veldig fint. Vi har ikkje fått oppdrag som går på ordensproblem, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen. Det einaste han har registrert er noko fyrverkeriskyting i Voss i samband med VM-sigeren, der Noreg slo Irak 4–1. Men dette roa seg etter kort tid. Elles så var det litt klager på høg musikk frå teltet på Festplassen og teltet på Trekanttomten. – No gjekk jo resultatet vår veg, så det kan jo ha spelt inn, seier operasjonsleiaren.

ANNONSE
Octavian Forlag - Sonderlager