Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Full mann hindra naudetatane i Bergen

I 16-tida var politiet med for å bistå helsevesenet som hadde rykka ut til ein pasient i Hardangervegen i Bergen. Ein overstadig berusa mann i 40-åra som kjenner pasienten, var på staden og hindra naudetatane sitt arbeid med pasienten, melder Vest politidistrikt. Han klarte ikkje å forklare kvar han bur, og blei vurdert til å vere ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Han blei sett til av lege og deretter sett i drukkenskapsarrest. Mannen blir ikkje meld.

ANNONSE
VM-Festen Bergen