Forvirra og full sjåfør krasja fleire gonger i Bergen
I 16-tida fekk politiet melding om ein bil som kolliderte på ulike stader i Nordahl Rolfsens vei i Bergen. Bilen hadde også rygga inn i en busk, truffe ei trapp og køyrd over eit blomsterbed, før ferda stansa i ein lyktestolpe i Hagerups vei. – Føraren er opplyst å framstå noko forvirra, melder Vest politidistrikt. Kvinne i 70-åra vart sett til av helsepersonell på staden. Ho skal ikkje vera skadd, men vart tatt med til Bergen legevakt i ambulanse. Alkometer viste over tillaten verdi. Politiet tok førarkortet og det blir tatt blodprøve. Politiet har funne materielle skader på nokre bilar i Nordahl Rolfsens vei som bilen truleg har kollidert i. Bergingsbil blir rekvirert.