Innbrot på Apollon i Bergen
Klokka 05.48 fekk politiet melding frå eit vektarselskap om at det hadde gått ein alarm i ein butikk i Nygårdsgaten. Då vektarar rykte ut for å sjekke forholda nærare, oppdaga dei at låsen var broten opp. Innbrotet skjedde i den kjende platebutikken Apollon. – Dei har opna kassa og teke med seg nokre vekslepengar, men det er heldigvis ikkje snakk om store skadar, seier dagleg leiar i Apollon, Tor Tessem, til NRK.