Papas på topp for Vestland SV

Alexander Papas (25) frå Stord er vald til Vestland SV sin førstekandidat til fylkestingsvalet i 2027. Læraren har vore fylkestingsrepresentant sidan 2023. I ei pressemelding trekkjer han fram motstand mot motorvegplanar som Hordfast, til fordel for rassikring, gul midtstripe og Bybanen til Åsane. I tillegg løftar han fram fleire lærarar i vidaregåande skule, rimelegare tannhelse, vern av Førdefjorden og eit nei til nye datasenter som viktige kampsaker for Vestland SV.








%20og%20kontrollant%20Ruben%20Stenevik%20(t.h.)%20etter%20best%C3%A5tt%20ferdighetspr%C3%B8ve%20p%C3%A5%20Stord%20lufthamn%20S%C3%B8rstokken%20Foto%20Sindre%20Skrede.jpg)









