Uregistrert banebil fauk i fjellvegg på Askøy – føraren rømde frå staden
Ein bilførar stakk av til fots etter å ha krasja inn i ein fjellvegg på Hauglandshella på Askøy måndag ettermiddag. Klokka 16 melder politiet at mannen kom tilbake til ulukkesstaden, og framstod uskadd. Dei opplyser at bilen er ein banebil – altså uregistrert – og skal ikkje brukast på offentleg veg. Føraren blir meld for dette, og politiet har tatt førarkortet. Først melde poltiet at bilen også skulle ha meia ned eit vegskilt, men skiltet er uskadd. Politiet rykte raskt ut til staden etter å ha fått melding om ulykka, opplyser operasjonsleiar Tore-André Brakstad i Vest politidistrikt. Klokka 16 er bilen fjerna, og politiet melder at skiltet er uskadd. Det er ikkje mistanke om ruskøyring.