Fryktar havvind-brems etter Stortingets vedtak

Konsernsjef i Fjord Base, Ole Schanke Eikum gjer det klart at slike store infrastrukturinvesteringar krev føreseielege rammevilkår og langsiktige utsikter. Signalet frå Stortinget om full gjennomgang og kvalitetssikring av milliardsatsinga skapar det motsette. – Uvisse for norske havvindprosjekt som følgje av Stortinget sitt vedtak om kvalitetssikring, gjer at våre investeringsvedtak truleg vert skyvd vidare ut i tid, seier Eikum. Han viser til at prosjektet Utsira nord allereie har vorte utsett på grunn av statsstøtteavklaringar med ESA, og ser med uro på at politiske vedtak no skapar endå meir uvisse. – Det er svært uheldig om kvalitetssikringa som Stortinget no vedtek skapar uvisse og ytterlegare risiko om den langsiktige satsinga på havvind.