Søker ny statsforvaltar i Vestland – fristen er utsett

Liv Signe Navarsete (biletet) går 1. september av som statsforvaltar i Vestland. 11. juni gjekk søknadsfristen ut for dei som ønsker å bli etterfølgaren hennar. Men no har Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet forlenga fristen til 29. juni. – Dette for å sikra eit breiast mogleg søkjargrunnlag til ei svært viktig stilling, opplyser departementet til Sogn Avis. Det framgår ikkje kor mange som til no har søkt stillinga som statens øvste representant i Vestland.