Til legevakt etter hyttebrann
Naudetatane rykte like over klokka 16 ut til ein hyttebrann på Erve i Sveio. Ein person som pusta inn pulver frå pulverapparatet vart sendt til legevakta for sjekk. Brannen spreidde seg til kjellaren. Det var god avstand til kringliggande bygg og ingen fare for spreiing. Like før klokka 17 hadde brannvesenet kontroll. – Det er mykje røyk, men ingen opne flammar. Det har ulma i etasjeskiljet, opplyste operasjonsleiar Kim Flakstad ved Vest politidistrikt.








%20og%20kontrollant%20Ruben%20Stenevik%20(t.h.)%20etter%20best%C3%A5tt%20ferdighetspr%C3%B8ve%20p%C3%A5%20Stord%20lufthamn%20S%C3%B8rstokken%20Foto%20Sindre%20Skrede.jpg)









