Bilbrann i Fusa er sløkt
Politiet fekk mandag kveld melding om brann i eit køyretøy i Sævareidvegen i Fusa i Bjørnafjorden kommune. Brannvesenet kom fram omlag klokka 21.55. – Per no er det ikkje fare for at brannen kan spreie seg, sa Trond Landaas i 110 Vest til NRK. Bilen var ein fossilbil parkert ved ein butikk, og det var ingen inni då brannen starta. Bilen var overtent, men brannen vart meld sløkt klokka 22.10.












%20og%20kontrollant%20Ruben%20Stenevik%20(t.h.)%20etter%20best%C3%A5tt%20ferdighetspr%C3%B8ve%20p%C3%A5%20Stord%20lufthamn%20S%C3%B8rstokken%20Foto%20Sindre%20Skrede.jpg)




