Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Stortinget vedtok prosentvis turistskatt

Det blir ei prosentvis avgift på det nye besøksbidraget for turistar, etter at Stortinget i ettermiddag røysta over saka. Stortingsrepresentant Stig Even Lillestøl (Frp) opplyser at deira framlegg om å skrote heile turistskatten falt. Det same gjorde eit framlegg frå KrF om å innføre eit flatt, fast kronebeløp. Dermed fekk regjeringa sin modell fleirtal, noko reiselivsnæringa har kjempa hardt imot av omsyn til administrative byrder og konkurranseevne.