Politiet undersøker dødsfall i Kinn
Politiet undersøker eit dødsfall i Kinn, etter at ein mann vart funnen død utanfor eigen bustad, 29. april. Saka vart først omtalt i Firdaposten. Politiet ønsker å sjå nærare på saka fordi den avlidne vart utsett for vald i påska i år – noko som enda med sjukehusinnlegging. – I den saka vart ein person varetektsfengsla, og vi må no gjere undersøkingar for å sjå om valdssaka kan ha noko å gjere med dødsfallet eller ikkje, seier tenestestadsleiar for politiet i Florø, Synnøve Domben, til NRK. Ho seier at det i dag ikkje er haldepunkt for å seie at det er ein samanheng, men at det er viktig å kartlegge årsaka til dødsfallet.