MC klubbar slår alarm om oljesøl i Førde
17 MC-klubbar slår no alarm om olje- og dieselsøl på vegane i og kring Førde. I eit skarpt protestbrev til Statens vegvesen peikar klubbane særleg på E39 gjennom Halbrendslia og rundkøyringane i sentrum, som dei meiner er berykta for eksepsjonelt glatte vegar. – Det har vore ille i mange år, men aldri så gale som i år. Noko må gjerast før det går liv skriv talsmannen Bjørgulf Myklebust til NRK. MC-miljøet meiner sølet skjer når lastebilar toppfyller tankane nede i sentrum, noko som renn over i dei bratte bakkane, i tillegg til oljelekasjar frå anleggsmaskiner. Dei krev no strakstiltak, hyppigare kontrollar og svar frå Vegvesenet.