Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Mann i 30-åra sikta for stalking

Ein mann i 30-åra blir i dag framstilt for fengsling i Hordaland tingrett, sikta for alvorleg personforfølging og brot på besøksforbod. Den fornærma i saka er ei kvinne i 30-åra, som tidlegare har vore sambuar med mannen. Etter at det blei slutt mellom dei to rundt årsskiftet, meiner politiet at mannen har forfølgd kvinna i fleire månader. I vår blei han ilagt besøksforbod og seinare omvendt valdsalarm på grunn av brot på besøksforbodet. – Gjennom sommaren har det vore nye brot på forbodet, sjølv med omvendt valdsalarm. Det gjorde at me arresterte han i går og vil fengsle han i fire veker, seier politiadvokat Anna Seline Sygnabere. Mannen vart pågripen utanfor Bergen. Han skal i hovudsak ha tatt kontakt med kvinna på telefon og sosiale medium, men det er også snakk om nokre fysiske møter.

ANNONSE
Helldalstoppen