Foreslår 40 millionar til romteknologi
Regjeringa foreslår 40 millionar kroner til forsking og innovasjon innan romteknologi i statsbudsjettet for 2027, skriv Universitetet i Bergen i ei pressemelding. Dette skal skje gjennom ein koordinert satsing ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitenskapelege universitet og Universitetet i Tromsø. Pengane skal fordelast likt mellom dei fire universiteta. – UiB ser svært positivt på regjeringas prioritering av ein koordinert, nasjonal satsing, og vil bidra aktivt gjennom våre sterke fagmiljø innan fysikk og informatikk, seier rektor ved UiB, Margareth Hagen i pressemeldinga. Heilårseffekten av satsinga utgjer 80 millionar kroner frå og med 2028. Statsbudsjettet blir lagt fram 7. oktober.











.jpg)



















