Oljelekkasje frå katamaran ved Strandkaiterminalen i Bergen
Det har vore ein lekkasje av bunkringsolje frå katamaranen M/S Rygertroll torsdag på dagtid, melder politiet. – Det er snakk om 10–50 liter olje som har lekt ut i sjøen og ligg i overflata, seier Børre Brekkvassmo i 110 Vest. Politi og brannvesen har rykt ut for å sjekke forholda. Lekkasjen er over, og det er ifølge brannvesenet ikkje noko å gjere med oljesølet. – Det må berre fordampe, seier Brekkvassmo.