Mann tiltalt for drapet i Alver i fjor

Ein mann i 30-åra er tiltalt for drap etter at ei kvinne vart funnen skadd i sin eigen heim i Alver i oktober 2025. Kvinna døydde på sjukehus få dagar seinare. Tiltalebeslutninga gjeld også mishandling i nære relasjonar mot den drepne kvinna si dotter. Ho var gift med mannen som no er tiltalt. Det melder Vest statsadvokatembeter i ei pressemelding. Saka skal opp i Hordaland tingrett 16. november.






















.jpg)