Beredskapsøving stenger tunnel på E39
Bogstunnelen i Høyanger blir stengd i ein time onsdag kveld når Statens vegvesen held beredskapsøving etter den siste tunneloppgraderinga. Øvinga skjer i samarbeid med brannvesenet, Vegtrafikksentralen og 110-sentralen. Målet er å teste beredskapen og gjere naudetatane kjende med dei tekniske endringane i tunnelen. Tunnelen blir heilt stengd mellom klokka 20 og 21. I ein halvtime før og etter dette tidsrommet, blir trafikken dirigert. Under øvinga blir det nytta ufarleg teaterrøyk som kan vere synleg utanfor tunnelopningane.


.jpg)














