Fire pågripne etter førespurnad frå politiet i Vest
Fire personar er pågripne i Vestre Toten på Austlandet i samband med ei sak som blir etterforska i Vest politidistrikt. Det opplyser politiet i Innlandet. Dei fire sat i ein bil då dei blei pågripne. Pågripinga skjedde utan dramatikk, seier operasjonsleiar Bård Einar Hoft til NRK.













