Fire menn pågripne for grovt tjuveri på Os
Fire menn i 40- og 30-åra blei pågripne i Toten onsdag kveld etter førespurnad frå Vest politidistrikt. Dei skal ha brote seg inn og stole gjenstandar frå ei bedrift på Os i Bjørnafjorden. Det fortel politiadvokat Ørjan Ogne. Alle mennene er frå Aust-Europa. Tjuveriet ska ha skjedd tidlegare i oktober, og ifølgje Ogne skal det vere snakk om store verdiar. Mennene skal etter planen bli frakta til Bergen i løpet av dagen. Der vil dei bli avhøyrt og framstilt for fengsling. Politiadvokaten utelukkar ikkje at det kan vere fleire involvert i saka.











.jpg)









