Mistenkjer ulovleg garnfiske i Granvin

Politiet har beslaglagt eit garn ved Spildo i Granvinselva. Dei mistenkjer at garnet har vore brukt til ulovleg fiske etter laks eller sjøaure. – Politiet ser alvorleg på det som verkar å vera ulovleg fiske midt i gytetida for både laks og sjøaure, skriv politiadvokat Kjetil Linge Tomren i ei pressemelding. Tomren seier at om nokon har kjennskap til garnet, kan dei ta kontakt med politiet. Han understrekar at straffenivået for ulovleg fiske er auka betydeleg dei siste åra, og at ein risikerer bøter opp mot 30.000 kroner.










,%20Byr%C3%A5d%20for%20klima,%20milj%C3%B8%20og%20byutvikling.jpg)














