Tankskip framleis i trøbbel på Stadhavet – må vente sju timar til for å få hjelp
Tankskipet «Key Fjord» driv tysdag kveld framleis utan motorkraft i Stadhavet etter at dei natt til i dag fekk problem. Skipet skulle få hjelp av eit anna skip i ettermiddag, men også dette skipet fekk problem. No er ein ny slepebåt kalla ut, men hjelpa er først framme om cirka ti timar, melde Sunnmørsposten i 19-tida i kveld. Mannskapet må dermed bu seg på ein lang og krevjande natt med kraftig rulling i dei høge bølgjene. – Det er forferdeleg vêr, men båten driv nordover og vekk frå land, opplyser Glenn Holberg ved Vardø sjøtrafikksentral. Det er ikkje meldt om fare for liv, og miljøfaren er liten då skipet går i ballast med tomme tankar.











,%20Byr%C3%A5d%20for%20klima,%20milj%C3%B8%20og%20byutvikling.jpg)













