BA: Tre personar pågripne for brutalt ransforsøk i Kvam
Tre personar er pågripne for eit brutalt forsøk på ran av ein familie i Kvam herad. Det skriv BA. Det var natt til 31. oktober at ein mann og ei kvinne blei overfalne og utsett for vald av maskerte personar som tok seg inn i bustaden deira. Gjerningspersonane prøvde å truge til seg verdiar ved bruk av skytevåpen. Fredag 13. november blei ein mann i 40-åra pågripen og sikta for ransforsøk, ifølge BA. – Eg er kjend med at tre personar er pågripne i Sverige, og at ein av dei blir framstilt for Hordaland tingrett i dag, skriv familien sin bistandsadvokat, Bjarte Aarlie, til avisa. Dei to siste skal ikkje vere utlevert til Noreg endå.


















