Til legevakt etter bustadbrann
Ei kvinne vart i natt køyrt til legevakt i samband med ein brann i eit bustadhus i Luster. – Klokka 0253 fekk politiet melding om brann i bustadhuset, og det brann då kraftig i takkonstruksjonen og på utsida av huset, seier operasjonsleiar Ole Ronny Olsen. Kvinna som var i huset kom seg ut ved eiga hjelp, men helsehjelp etter å ha pusta inn røyk. To personar i eit nabohus vart evakuerte i samband med brannen. Klokka 03.26 vart brannen meldt under kontroll.
















