Ny person sikta etter NRK-dokumentar
Endå ein person er sikta av politiet i samband med konkursen i sjømatselskapet North Tandem, melder kyst.no. Frå før er fire personar sikta i saka. Samstundes er eit anna selskap og den daglege leiaren her mistenkt for medverknad til ulovleg lakseeksport og forfalsking av etikettar, opplyser politiet til nettstaden. Saka starta med NRK-dokumentaren «Lakselandet», der det blei avslørt at North Tandem selde laks med sår og skader til utlandet. Selskapet blei også skulda for å ha brukt falske etikettar.

















