Trafikkulykke på Hardangervidda
Det har vore ei trafikkulykke på riksveg 7 Hardangervidda. Det er eit køyretøy med to personar som er involvert. – Dei er vakne, men mogleg ein er skadd, skriv operasjonsleiar i politiet Knut Dahl-Michelsen. Ifølgje brannvesenet skal alle vere ute av køyretøyet. Ulykka skal ha skjedd om lag 1,6 kilometer frå Halne Fjellstove. Vegen der er mellombels stengt i begge retningar.





















