Åtvarar mot glatte vegar
Det er meldt om glatte vegar fleire stader onsdag kveld. På Kvamskogen fekk politiet melding om eit trafikkuhell der ein bil hadde sklidd av vegen. Dei åtvarar bilistar mot glatte køyreforhold, og ber folk køyre forsiktig. Malin Blom ved Vegtrafikksentralen opplyser at det er strøbilar ute i dei aktuelle områda. Blom trur vêret vil klare opp utover morgontimane torsdag. – Det kan likevel vere glatt enkelte stader, og kan òg kome snø/slaps i høgareliggjande område.





















