Vestland blant fylka med flest uvêrsskadar
Vestland er eit av fylka som vart hardast råka av helgas uvêr, med 22 innmelde skadar til Gjensidige så langt. Berre Buskerud og Akershus har registrert fleire hendingar. På landsbasis har forsikringsselskapet teke imot 178 skademeldingar, hovudsakleg etter vind og vatn som trengjer inn i bygningar. Kommunikasjonssjef Tobias Kvalvik ventar fleire meldingar dei næraste dagane når folk får undersøkt hus og hytter, og oppmodar råka om å melde frå raskt.






















