Caroline Taule går frå stillinga som sosialbyråd

Sosialbyråd i Bergen, Caroline Taule, går mellombels frå stillinga si fordi ho ikkje var valbar då ho vart utnemnd, skriv Bergens Tidende. Ho sat som nestleiar i kontrollutvalet, og reglane krev at ein må seie frå seg dette vervet før ein kan gå inn i byrådet. Byrådsleiar Chris Jørgen Rødland seier dei handla i god tru og beklagar feilen. Bystyret skal handsame saka tysdag, og Taule vert etter planen oppnemnd på nytt i same møte.





















