Forsvarar deponi-løyvet: – Ein ryddig måte å følge opp Høgsterett sin dom på

Aksjonistar har lenka seg fast til porten utanfor Nordic Mining sine lokale i Vevring ved Førdefjorden. Dei demonstrerar mot at regjeringa gav nytt utsleppsløyve til gruveverksemda, etter at Høgsterett konkluderte med at det førre løyvet var ugyldig. No svarar klima- og miljøminister Sigrun Aasland på kritikken. – Dommen frå Høgsterett betyr at departementet må gjere noko med vedtaka som er kjent ugyldige. Det har vi no gjort ved at desse er suspenderte. Samtidig har vi gjeve selskapet eit nytt tidsavgrensa løyve til å deponere på kort sikt, medan vi vurderer om det kan bli gjeve eit meir langvarig løyve. Dette er ein ryddig måte å følgje opp Høgsterett sin dom på, skriv ho i ein e-post til NRK via kommunikasjonsavdelinga i departementet. – Kva tenkjer du om denne typen aksjonar? – Eg respekterer at dei har eit anna syn på denne saka enn staten har. – Korleis går arbeidet med å vurdera om selskapet skal få eit langvarig løyve eller ei? – Vi vurderer no om det kan bli gjeve eit løyve til meir langvarig deponering, og håpar å ha vurderinga ferdig tidleg i 2027. Regjeringa vurderte i fjor at omsynet til forsyninga av viktige mineral gjer at vi kan gje eit slikt løyve. Høgsterett er heilt tydelege på at dei ikkje har tatt stilling til det spørsmålet, sier ho.











.jpg)



















