Tiltalt for å ha seld falskt gull
Ein mann i 30-åra må møta i Hordaland tingrett i februar, tiltalt for å ha seld falske gullbarrar til tre menn. Mannen selde gullbarrane for til saman kring ein halv million kroner, trass at han visste at alt eller delar av barrane ikkje var ekte, står det i tiltalen. Han er også tiltalt for å ha forfalska dokument. Det er førebels uvisst korleis han stiller seg til skuldingane.



.jpg)




.jpg)












