Nattoget til Bergen fekk trøbbel

Nattoget frå Oslo til Bergen fekk problem med bremsene i natt, og måtte stansa på Mjølfjell i Voss herad, opplyser Vy til NRK. Passasjerane måtte gå av toget, og venta på eit lokaltog som frakta dei vidare mot Bergen. Det er venta at dette toget er framme i Bergen ved 10-tida. Nattoget skulle eigentleg vore framme rundt 0630. Problema får ingen konsekvensar for seinare avgangar, opplyser Vy.



.jpg)




.jpg)











