Kåra til reisemål i verdstoppen

Det internasjonalt anerkjende reiselivsmediet National Geographic kårar Vestland til eitt av verdas 25 beste reisemål for 2027. Mellom anna blir Flåm og Flåmsbana skildra som "Norway in a Nutshell". Dei trekkjer også fram Nærøyfjorden, Jostedalsbreen, Bryggen og Michelin-restauranten Gaptrast i Bergen. – Det er ikkje berre fjordane og den spektakulære naturen som begeistrar. Det er kombinasjonen av by og land, natur og kultur, lokalmat og gastronomi, og opplevingar som utfyller kvarandre. Det er nettopp denne breidda som gjer Vestlandet til eit komplett og attraktivt reisemål, seier Stein Ove Rolland, administrerande direktør i Fjord Norge.



.jpg)




.jpg)











