Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Mann utan førarkort stansa på ferjekai etter mistanke om ruskøyring

Ein mannleg bilførar i 50-åra vart 00.30 natt til onsdag stansa på ferjekaien på E39 i Lavik. – Me fekk tips om mogleg ruskøyring og stoppa vedkommande på ferjekaien. Han vart teke med for å ta blodprøve, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt. Politiet kunne ikkje beslagleggja førarkortet til mannen, rett og slett fordi bilføraren ikkje hadde førarkort. Operasjonsleiaren har ikkje opplysningar om kva tid han mista det.

ANNONSE
Sande Auto - Subaru Solterra