Mykje nedbør, men få hendingar

Dei store nedbørsmengdene i helga førte ikkje med seg dei heilt store hendingane. 110 Vest opplyser om eitt vêrrelatert oppdrag på Halsnøy. Også frå vegane blir det meldt om mindre hendingar. E39 gjennom Jølster var ein periode stengd ved Eikås grunna jordskred, og laurdag kveld fekk Vegtrafikksentralen melding om eitt og anna trenedfall på vegar i Hordaland. Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll stengde fredag kveld, men blir vurdert opna måndag klokka 08. Flaumfaren er framleis på gult nivå for indre delar av Vestland, men faren er venta å minke utover ettermiddagen.









.jpg)






